Endeleg er sesongen 2010/2011 i gang i Stavanger Brass Band. Denne helga hadde korpset oppstartseminar i Flekkefjord med overnatting i campinghytter, kaldt dusjvatn og sosial samling i det hyggelege selskapslokalet, ”Sosialen”. Som seg hør og bør på denne typen seminar hadde hyttene ansvar for å planlegge eigen frukost, og med unntak av hytta som stilte med ein boks ”italiensk salat” og eit brød, rapporterte alle hyttene om både varierte frukostbord og velfylte lunsjposar.
På den musikalske fronten arbeidde SBB med eit spennande repertoar der hovudfokuset låg på Blitz av Bourgeois. Brassbandet testa og ut sommarformen til nokre av korpset sine solistar, og etter å ha spelt seg gjennom krevjande soloar og lange cadenzar av mellom anna Wood, Himes og Sparke, er det ingen tvil om at dei er klar for sesongen. Stavanger Brass Band kan likevel meir enn berre korpsmusikk og brukte tid på å lære den vidgjetne dansen ”Glow”. No oppfordrar SBB det øvrige korpsnoreg til å gjere det same. Siddis er like rundt hjørnet…
Tysdag 7. September inviterar me og til konsert i Lille Konsertsal i Bjergsted. Her vil me presentere det me har arbeida med i helga og me stiller sjølvsagt med kakesal i pausen. Me håpar så mange som mogeleg tek turen for å høyre på oss.
Lille konsertsal, Bjergsted (kart)
Tyrsdag 7 september kl. 19.30
Billett: kr 100
Student/Barn/Honnør: kr 50
Skolekorpsmusikanter har gratis adgang.






